torsdag 26. februar 2009

Litt historikk: IKT status ved Sunndal vgs i november 2007


For vel eitt år sidan skreiv eg eit innlegg på nettstaden for Lærande Nettverk i Møre og Romsdal.

Mykje (men ikkje alt) har endra seg sidan då.

Vi er no i gang med å lage ein ny IKT-strategi for skolen vår.

Å skaffe straum til elevpcar var ei utfordring



Innlegget frå november 2007 var slik:

"Fylkestinget vedtok i juni 2007 at alle elevar på Vg1 i Møre og Romsdal skulle bruke berbare datamaskiner i læringsarbeidet på skolen og heime. Dermed var rammebetingelsane våre for bruk av IKT i læringsarbeidet brått endra.

Frå før hadde elevane på Studiespesialisering og på Helse- og sosialfag berbare datamaskiner på vår skole. Over sommarferien skulle altså også elevane på Vg1 Elektrofag, Bygg- og anleggsteknikk og Teknikk og industriell produksjon bruke berbare datamaskiner i læringsarbeidet.

Dette innebar ei auke i talet på elevar med berbare datamaskiner, men også ei sterk auke i talet på lærarar som skulle bruke berbare datamaskiner i si undervisning.

Vi fekk altså relativt store utfordringar av både teknisk og pedagogisk karakter å løyse frå juni til august.

Heldigvis har skolen vår ein del erfaring med bruk av datamaskiner i elevane sitt læringsarbeid. Elevane våre på Allmennfagleg studieretning (etter reform 94) har brukt berbare datamaskiner i to år. Elevane på Vg1 Helse- og sosialfag har brukt berbare datamaskiner i eitt år, og vi har hatt om lag 60 andre elevmaskiner i bruk over fleire år. Vi var også i gang med ei oppgradering av skolen sitt trådlause nettverk, og av dei ergonomiske forholda for elevane. Alle lærarane vart utstyrt med berbare datamaskiner i 2005 og 2006, og har fått opplæring i bruk av maskinene.

Våre prioriteringar over sommaren 2007 vart sterkt teknisk vinkla. Vi måtte ha ein betre infrastruktur før hausten. Kapasiteten på breibandet vårt måtte aukast, vi måtte justere planane for oppgradering av det trådlause nettverket, vi måtte skaffe ladepunkt for batteria på elevmaskinene, fleire prosjektørar måtte kjøpast inn, og vi måtte gjere fleire utbetringar på dei ergonomiske forholda for elevane.

Frå august 2007 måtte vi gjere noko med lærarane sin kompetanse i IKT, både teknisk og pedagogisk. Vi måtte også sjå på utfordringane knytt til at det ville vere freistande kommunikasjonsutstyr tilgjengeleg for elevane i undervisningssituasjonane.

Kva er så statusen vår no?

Breibandet er utvida frå 4 mb til 8mb, men det er ei dyr løysing. Vi får ei rimelegare løysing frå 01.01.2008.
Det trådlause nettet vårt er utvida frå 6 til 40 aksesspunkt med eige styringssystem.
Straum, prosjektørar, nye pultar og stolar er på plass i dei romma som har 1. prioritet
Det er bestilt prosjektørar, stolar og pultar til dei romma som har 2. prioritet i samråd med elevrådet
Smartboard er kjøpt inn (berre ein stk) og blir prøvd ut på Vg1 Elektrofag.
Om lag 25 lærarar har - i ulik grad - erfaring med pedagogisk bruk av berbare datamaskiner frå dei to siste skoleåra.
Dei fleste lærarane har fått opplæring ut frå krava i e-borger. Dei fleste er også sertifisert.
Vi brukar læringsplattforma Classfronter for alle tilsette og alle elevar. Bruken er både som intranett og i elevane sitt læringsarbeid. Det er stor variasjon i lærarane sin pedagogiske bruken av Classfronter.
Av pedagogisk programvare brukar vi i hovudsak nettstaden Lokus. Industriskolen er innkjøpt og skal no takast i bruk innanfor Teknikk og industriell produksjon
NDLA blir litt brukt i naturfag, norsk, i programfag på Helse- og sosialfag
Vi har både nettbaserte leksikon og ordbøker. I tillegg har vi ordbøker på elevane sine datamaskiner.
Vi brukar vitenskapeleg kalkulator på datamaskinene (Classpad)
Vi har laga felles reglar for elevane sin bruk av berbar pc.
Vi har gjennomført seksjonsvise evaluering av ordninga med berbare datamaskiner for elevane per 01.10.2007.
Vi deltek i "Lærande Nettverk" saman med både grunnskolar og vidaregåande skolar. Vi har starta eit samarbeid med Rauma vgs, og skal avklare nærare samarbeid om bruk av IKT i læringsarbeidet mellom faggrupper ved dei to skolane.
Vi har etablert kommunikasjon mellom elevar ved vår skole og elevar ved skolar i Canada og Frankrike gjennom systemet e-Twinning.


Vidare arbeid og problemstillingar:

  • Overføre e-borgeropplæringa på elevar på Vg1.. Ansvar: kontaktlærarteamet innanfor ei ramme på 3 timar.
  • Ordbøkene Clue er lagt inn på elevmaskinene. Ordbøkene til Ordnett er tilgjengelege på internett for elevar og tilsette. Ordboka Ordnett+ er innkjøpt for Vg1 + pc brukarar på Vg2 + lærarar. Ikkje tatt i bruk. (Kva med nynorskelevar Vk2 AF + AP som ikkje har ei god løysing gjennom ordboka Clue?)
  • Det er vanskeleg for elevar og lærarar å omstille nettlesaren sin frå bruk av proxy på skolen til trådlausnett heime (og omvendt). Kva med å bruke transparent proxy?(erfaringar på Kr.sund vgs?). Aktiv bruk av proxy m.o.t. rettar for grupper bør vurderast. Kva med å skille mellom trådlaust lærarnett og elevnett?
  • Kva med praktisering av felles reglar for bruk av elevane sine berbare datamaskiner. Opplever elevane at reglane blir praktisert relativt likt?
  • Vi må avklare nærare samarbeid mellom nokre fagseksjonar hos oss og tilsvarande fagseksjonar ved Rauma vgs.
  • Fagseksjonane våre må arbeide meir med pedagogisk bruk av IKT. Kva med å bruke fagnettverka for lærarane på fylkesplan meir m.o.t. pedagogisk bruk av IKT. Vi bør truleg utfordre våre medlem i fagnettverka til å ta opp faglege og pedagogiske problemstillingar knytt til bruk av IKT i læringsarbeidet.
  • Kontakten med elevar i Canada og Frankrike må vidareutviklast. Vi bør vurdere å etablere tilsvarande kontakt med elevar ved skolar i andre land.
  • Vi må sjå på i kva grad vi kan bruke IKT for å bli betre på elevvurdering. Auka bruk av Classfronter bør prioriterast.
  • Vi må klargjere klasserom som har 2. prioritet. (Montere prosjektørar, straumuttak, nye pultar og stolar)
  • Vi må planlegge innkjøp og arbeid for klasserom som har 3. prioritet. (Innkjøp og montering av prosjektørar, straum og pultar/stolar)
  • Vi må sjå nærare på løysinga vår med skrivarinstallasjon og utskrifter via IP-adresser til skrivarane.
  • Vi må informere betre til elevar om innlevering av filer i lesbare format.
  • Vi må vurdere vidare innkjøp og bruk av smartboard.
  • Vi må gjennomføre ei brei evaluering våren 2008. I evalueringa må vi hente inn opplysingar frå elevar og tilsette. "

1 kommentar:

Anonym sa...

Interessant, ser at det kan være nyttig å gå in her noen ganger.

Martin Hauge