tysdag 7. juli 2009

Framtidig bruk av IKT ved Sunndal vgs

Vi har laga følgande visjon for framtidig bruk av IKT ved Sunndal vgs

Vi utdannar samfunnsaktiv ungdom med god digital kompetanse
– ungdom med ope sinn til og kritisk bruk av digitale verktøy


Ved Sunndal vgs skal elevane sitt læringsarbeid vere prega av digitale verktøy gjennom
  • bruk av både lærebøker og digitale læremiddel i alle fag
  • god kompetanse i læring ved bruk av IKT
  • at digitale verktøy i hovudsak blir brukt til læringsarbeid
  • auka motivasjon for læring ved bruk av digitale verktøy
  • digital kommunikasjon mellom elevar og lærarar
Dersom du vil lese heile plandokumentet vårt, finn du det her

1 kommentar:

Birger Bjørdal sa...

Dette ser veldig lovande ut, Jan Ove. Utfordringane ligg no i å etablere naturleg dialog mellom elevar og lærarar om bruken av IKT i undervisninga. For å unngå diskusjonar om kva og når IKT best kan nyttast, er det naudsynt å ha ei reflektert haldning kring bruken. Korleis kan ein på best mogleg måte knyte den opp til læraplanane og kompetansemåla i faga. I ei eit samspel med eleven kan ein kanskje "rettferdigjere" at ein IKKJE nyttar IKT til måloppnåing innanfor enkelte kompetansemål i faget. Dette kan ha like stor verdi som det å avklare KVA ein skal nytte IKT til.