søndag 5. april 2009

Framtidig bruk av digitale verktøy ved Sunndal vgs

Elevar og tilsette rår til at følgande blir vektlagt i prioritert rekkefølge:

1 Bruk av pc og lærestoff på nettstader (t.d. NDLA, Industriskolen, LOKUS) bør ikkje erstatte lærebøker, men kome i tillegg til lærebøker i alle fag
2 Lærarane bør få betre kunnskap om korleis IKT kan brukast i elevane sitt læringsarbeid
3 På skolen skal datamaskiner først og framst brukast til læringsarbeid
4 Elevane sin motivasjon for å arbeide med fagstoff aukar når dei bruker IKT i læringsarbeidet
5 Elevar og lærarar bør kunne bruke berbare pc-ar til å kommunisere med kvarandre på skolen
6 Elevane si læring blir betre når IKT blir brukt som ein integrert del av læringsarbeidet
7 Datanettet på skolen bør stengast for bruk av fritidsnettstader som Facebook, Youtube, MSN m.m.
8 Elevar og lærarar bør kunne bruke berbare pc-ar til å kommunisere med kvarandre utanom skoletid
9 Elevane bør lære meir på skolen om korleis dei bør oppføre seg på internett
10 Datamaskiner bør brukast meir til læringsarbeid og mindre til fritidsaktivitetar på skolen

Dette viser resultatet av ei spørreundersøking ved skolen i mars 2009.

Elevar og tilsette fekk presentert 23 utsegner dei skulle ta stilling til. Alle vart bedne om å prioritere fem utsegner.

Elevane sine prioriteringar og dei tilsette sine prioriteringar er behandla kvar for seg. Deretter er dei slått saman slik at prioriteringa i kvar av gruppene er tillagt like stor vekt.

Resultatet frå spørreundersøkinga blir ein viktig del av grunnlaget til skolen sin strategi for bruk av digitale verktøy i læringsarbeidet dei komande åra.


På forumet "del & bruk" (d&b) er det nokre kommentarar til prioriteringane.
Eg vil knyte nokre refleksjonar til desse kommentarane:

Det ser ut til at punkt 7 (Datanettet på skolen bør stengast for bruk av fritidsnettstader som Facebook, Youtube, MSN m.m.) er mest interessant så langt.

Eg bør kanskje fortelje litt meir om prosessen vi brukte i dette prioriteringsarbeidet for å få fram eit grunnlag for moglege tolkingar av utsegna i punkt 7.

Gjennom ein intern prosess på skolen kom vi fram til 23 utsegner om korleis vi ville ha bruken av digitale verktøy på skolen vår i framtida. Kvar enkelt tilsett og kvar enkelt elev vart invitert til å framheve inntil fem av utsegnene gjennom å gi dei ei stemme.

Elevane sine stemmmer på dei ulike utsegnene vart summert og brukt til å rangere utsegnene. Den utsegna som hadde fått flest stemmer hos elevane, vart rangert som nr 1, .........., den med minst stemmer vart rangert som nr 23. Same metoda vart brukt på dei tilsette sine stemmer. Deretter vart dei to rangeringsrekkene slått saman ved at rangeringa hos elevane vart summert med rangeringa hos tilsette for kvar utsegn. Utsegna med lågast sum fekk best samla rangering. Utsegna med høgast sum fekk dårlegast samla rangering. Elevane si rangering får dermed like stor vekt som dei tilsette si rangering.

Rangeringsrekka i startinnlegget mitt viser rekkjefølga til dei 10 utsegnene som i sum fekk størst oppslutning hos elevar og tilsette.

Utsegna "Datanettet på skolen bør stengast for bruk av fritidsnettstader som Facebook, Youtube, MSN m.m." vart rangert på 5. plass hos tilsette og på 12. plass hos elevane. Dette fortel meg at både lærarar og elevar opplever at bruk av Facebook, Youtube m.m. er forstyrrande element i fleire læringssituasjonar, og at det er eit ønske - særleg hos lærarane - om sterkare styring frå skoleleiinga for å dempe verknaden av slike "forstyrrande element".

Fleire lærarar finn det truleg vanskeleg og tidkrevande å handheve dei interne reglementa og samspelsreglane våre for m.a.bruk av digitale verktøy - det ser ut til at dei ønskjer meir tekniske, regulerande tiltak frå skoleleiinga si side. Kanskje dette også er eit signal om frustrasjon over noko mangelfull kompetanse i "IKT-didaktikk" - eller som Tor Aas skriv i sin kommentar på d&b, "undervisningspraksis må endres dersom eleven i skolesituasjonen "er ute av fokus." Tungt og upopulært svar når man sliter som pedagog i vanskelige klasser med trange, vriene rammer, men likefullt sant "

Det er også mogleg at dersom vi fokuserer sterkt på dei seks første punkta, vil behovet for punkt 7 falle bort av seg sjølv?

4 kommentarer:

Leif Harboe sa...

Jeg stusser over at en ønsker å sperre Youtube som er en fantastisk spennende læringsressurs som jeg ikke kan se en finner alternativ til. Jeg stusser også over at en nokså bastant sier at digitale læringsressurser ikke skal erstatte lærebøker. En må her vurdere fag for fag og emne for emne, selv mener jeg at jeg i 70% av norskfaget, med fordel bruker annet enn den trykte læreboka. Men for de 30% er læreboka nyttig å ha, men trenger alle elever en norskbok hver time hele året?

Anonym sa...

Jeg tar meg friheten å komme med et lite innspill(som ikke-pedagog)i forhold til det å begrense bruk - jeg er mer tilhenger av at man må prøve å skape gode holdninger framfor å prøve å begrense bruken. Elevene vil alltid finne en vei rundt uansett, så det å ha en tydelig klasseromsledelse og satse på opparbeiding av digital dannelse og gode holdninger til PC-bruk synes jeg må være mye viktigere. (Jeg har skrevet mer om det i et eget blogginnlegg på http://evabra.wordpress.com/2009/04/28/klasseromsledelse-eller-sanksjoner/ om noen vil lese mer).

Bjørn Helge sa...

du nevner de ti setningene som "nådde opp". hva var de resterende 15?

Bjørn Helge sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.