tysdag 17. mars 2009

Kan vi auke den politiske interessa hos ungdom ved bruk av Web2.0?

Valdeltakinga ved skolevala har minka dei seinare åra. Eg ser dette som ein viktig indikator på at valdeltakinga hos ungdom også truleg har minka ved ordinære politiske val. Nye vegar må prøvast - også i skolen - for å auke valdeltakinga. Ein aktuell ny veg er å bruke web2.o. Samtidig vil vi kanskje kunne auke kompetansen i skolenoreg på bruk av digitale verktøy?

Ungdommar brukar blogg, chatteprogram og sosiale nettstader aktivt. Dei kommuniserer, skriv, "snakkar", fortel frå livet sitt og uttrykker meiningane sine.

Fleire politiske parti har tatt konsekvensar av dette og har tatt i bruk m.a. Facebook og Twitter. Heimesidene deira er og blitt meir brukarvenlege.

Det blir hevda at Barack Obama sin bruk av Web2.0 var ei viktig årsak til at han vann presidentvalet i USA; han klarte å mobilisere mange unge velgarar.

Her er nokre døme på Obama sine verkemiddel

http://whitehouse2.org/

http://debategraph.org/

http://www.dipity.com/election


Kan vi bruke ungdommen sin arena - web2.0 - til å auke valdeltakinga hausten 2009?
Møre og Romsdal fylke ønskjer å prøve ut dette i samarbeid med UNINETT ABC gjennom prosjektet "Demokrati 09".

Du finn meir om prosjektet på nettstaden Ungweb.no og hos Uninett abc

Valdeltakinga ved skolevala har minka med 8,1 prosentpoeng i Noreg (blå) i perioden 1995 - 2007 og var sist på 72,2%. I Møre og Romsdal (raud) er reduksjonen på 13,6 prosentpoeng i same periode med ei valdeltaking på 77,4% i 2007.







Klikk på grafen for å få betre bilde








Grafen viser gjennomsnitteleg deltaking ved skolevala i perioden 1995 tom 2007 i Noreg (blå) og i Møre og Romsdal (raud). (Kjelde Norsk samfunnsvitenskapelig datateneste)

1 kommentar:

Anonym sa...

Jan Ove set fingeren på noko som kan vere ein tendens i heile den vestlege verda. Interessa for å ta del under vala er fallande, til tider dramatisk låg. Det er gjort undersøkingar av kven det er som ikkje nyttar stemmeretten sin. Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa seier i ei pressemelding at dette hovudsakleg dreier seg om innvandrar og ungdom.

Prosjektet "Demokrati 0.9" er difor eit viktig tiltak for å kunne vekke unge førstegangsvelgarar til valdeltaking. Vi har mange flotte ungdommar som veit å engasjere seg, men diverre ser det ut for å vere ein aukande tendens til det motsette.

Dersom vi som nasjon tillet ungdommane å ”melde seg ut” av samfunnsengasjementet, vil dette kunne få konsekvensar for demokratiet vårt i framtida. Vi må difor vere merksame på nye arenaer for deltaking. Valet i USA var, som Jan Ove viser i bloggen sin, ein ”pilot” på å nytte seg av vår tid sine kommunikasjonskanalar. Skal vi få ungdommen og førstegongsveljarane i tale, må vi kommunisere på den måten der dei kjenner seg heime. Slik sett vert prosjektet ”demokrati 0.9” spanande. Eg oppmodar alle til å følgje med på det som går føre seg på nettstaden www.ungweb.no i tida som kjem.