onsdag 25. mars 2009

Britiske barneskoler får sosiale medier på timeplanen

Kunnskap og bruk av sosiale medier er blitt så viktig at den britiske regjeringa vil ha det inn som eige fag i skolen.

Britiske barn skal bli lært opp i å blogge, podcaste og bruke wiki.

Les meir på digi.no

I Noreg tenkjer vi annsleis enn i England. Hos oss skal det å kunne bruke digitale verktøy vere ein grunnleggande kompetanse på linje med det å kunne lese og rekne. Lesing og rekning har eigne fag i skolen, medan IKT skal ivaretakast i alle fag.

Kanskje vi bør tenkje oss om ein gong til og vurdere om ikkje IKT bør bli eit eige fag i skolen vår?

Poll som metode

Bør det vere stemmerett for 16-åringar?

Dette spørsmålet er stillt til dei politiske partia (vallistene til stortingsvalet) i Møre og Romsdal. Partia har svart og svara er gjort tilgjengelege for ungdommane i fylket gjennom nettstaden www.ungweb.no.

Ungdommane er invitert til å kome med sine svar på spørsmålet, anten ved å stemme (poll) ja/nei/veit ikkje, eller ved også å skrive ein kommentar.

Etter tre dagar har 618 ungdommar sagt si meining. Spørsmålet ligg ute nokre dagar til, men komande måndag får ungdommane eit nytt spørsmål å ta stilling til.

Ungdommane blir også oppmoda om å stemme på partia.

Slike avstemmingar er ein av metodane som blir nytta i prosjektet "demokrati 0.9". Målsettinga med prosjektet er å auke valdeltakinga hos førstegongsvelgarane i Møre og Romsdal hausten 2009.

tysdag 17. mars 2009

Kan vi auke den politiske interessa hos ungdom ved bruk av Web2.0?

Valdeltakinga ved skolevala har minka dei seinare åra. Eg ser dette som ein viktig indikator på at valdeltakinga hos ungdom også truleg har minka ved ordinære politiske val. Nye vegar må prøvast - også i skolen - for å auke valdeltakinga. Ein aktuell ny veg er å bruke web2.o. Samtidig vil vi kanskje kunne auke kompetansen i skolenoreg på bruk av digitale verktøy?

Ungdommar brukar blogg, chatteprogram og sosiale nettstader aktivt. Dei kommuniserer, skriv, "snakkar", fortel frå livet sitt og uttrykker meiningane sine.

Fleire politiske parti har tatt konsekvensar av dette og har tatt i bruk m.a. Facebook og Twitter. Heimesidene deira er og blitt meir brukarvenlege.

Det blir hevda at Barack Obama sin bruk av Web2.0 var ei viktig årsak til at han vann presidentvalet i USA; han klarte å mobilisere mange unge velgarar.

Her er nokre døme på Obama sine verkemiddel

http://whitehouse2.org/

http://debategraph.org/

http://www.dipity.com/election


Kan vi bruke ungdommen sin arena - web2.0 - til å auke valdeltakinga hausten 2009?
Møre og Romsdal fylke ønskjer å prøve ut dette i samarbeid med UNINETT ABC gjennom prosjektet "Demokrati 09".

Du finn meir om prosjektet på nettstaden Ungweb.no og hos Uninett abc

Valdeltakinga ved skolevala har minka med 8,1 prosentpoeng i Noreg (blå) i perioden 1995 - 2007 og var sist på 72,2%. I Møre og Romsdal (raud) er reduksjonen på 13,6 prosentpoeng i same periode med ei valdeltaking på 77,4% i 2007.







Klikk på grafen for å få betre bilde








Grafen viser gjennomsnitteleg deltaking ved skolevala i perioden 1995 tom 2007 i Noreg (blå) og i Møre og Romsdal (raud). (Kjelde Norsk samfunnsvitenskapelig datateneste)

torsdag 5. mars 2009

Kva krav set læreplanar i fag til bruk av digitale verktøy

Dei ulike læreplanane i fag set krav til bruk av digitale verktøy.
Nokre av krava er tydelege og eksplisitte, medan andre er meir tolkbare.

For å handtere dette, og for å sikre at den enkelte lærar har ei meining om kva krav læreplanane set, har vi analysert alle læreplanane vi bruker i opplæringa på skolen. Analysen av dei ulike læreplanane vart gjennomført som eit samarbeid mellom lærarane i dei ulike fagmiljøa ved skolen vår.

Vi bruker analysene m.a. som grunnlag for ein kompetansehevingsplan i digitale verktøy.

Litt lenger ned på denne sida finn du døme på ei slik læreplananalyse

GREP er eit nyttig verktøy i analysen







læreplananalyse